pil pil pil
Peder Jonsen Voster
(ca 1560-ca 1637)
Navn-ukjent
(-etter 1645)
lensmann Ivar Toresen Tjentland
(ca 1560-ca 1640)
Anna Jonsdatter
(ca 1565-1625/1626)
Ingebret Pedersen Voster
(ca 1590-før 1647)
Birgitta Ivarsdatter
(ca 1585-etter 1647)
Peder Ingebretsen Voster
(ca 1624-ca 1692)

 

Familiekoblinger

Ektefeller/Barn:
1. Malena Osmundsdatter

2. Ingeleiv Bjørnsdatter

Peder Ingebretsen Voster

  • Født: ca 1624, Voster, Strand
  • Ekteskap (1): Malena Osmundsdatter ca 1651 i Hjelmeland kirke
  • Ekteskap (2): Ingeleiv Bjørnsdatter i 1665
  • Død: ca 1692, Voster, Strand i en alder av omkring 68 år
bilde

punktmerke  

Peder Ingebretson Voster vart gift første gong med Malena Osmundsdotter (ho er kalla Eli i bygdeboka for Strand) frå Øye i Fister Med henne hadde Peder fire barn. Malena må ha døydd ikring 1662 for yngste dottera vart født då, men i bygdeboka for Strand står det at Malena var død før 1662. Peder gifta seg opp att ikring 1665 med Ingeleiv Bjørnsdotter. Dei måtte ha kongebrev for å gifta seg av di dei var tremenningar. Peder døydde ikring 1692 og Ingeleiv gifta seg opp att i 1693 med Kristoffer Lydikson som kan hende var frå Gjesteland i Høle, brukar på Voster. Med Ingeleiv hadde Peder to søner og ei dotter Malene. Dottera Malene vart i 1700 stemna for retten for leigemål med reservesoldat Berge Olsen. Mora Ingeleiv var då gift opp att. Stefar hennar, Kristoffer Voster, møtte for henne og måtte vedgå at det var slik. Ho måtte bøta etter lova. Peder betalte odelsskatt frå 1646 og inn i 1660-åra. I odelsjordeboka frå 1661 er han ført som eigar av 1 laup 10 merker smør i Nedre Fister, 1 laup smør i Førland, og 9 merker smør i Krogevold. Han var lagrettemann mange gonger i åra frå 1653 til 1678. Av toll-listene for Stavanger ser me at Peder var i byen med 3 slaktenaut i oktober 1681. Peder fekk bot i 1658 fordi han "hoes sig paa nogen tid opholdte en udskreffuen Soldat", som hadde rømt heim frå Bergen. Det var nok Mikkel Olsen Voster. Då Mikkel Olsen Voster blei utskriven til soldatteneste blei han utstyrt med: 1 pund kjøt, 6 kavringar, 6 merker smør og 1 riksdalar i drikkepengar. Vidare 1 raud kjole, 1 kabuss, I skjorte, 1 par sko, 1 par hoser, 2 skinn til "knapsteech", og til et par vanter, 6 skilling. Mikkel hadde vore dreng hos Peder, og dermed blei Peder på sett og vis ansvarleg for han. Peder lova på tinget i juni 1658 å få tak i Mikkel, men det lukkast ikkje. Han hadde rømt igjen. Peder måtte svara for same saka i mars 1659. Han måtte stå til ansvar for å ha teke imot den rømde soldaten, sjølv om han eigentleg nekta for dette. Mikkel hadde dessutan visstnok "beliget Ett quindfoleh" som tente hos naboen til Peder. Naboen var svogeren Mikkel Sæbjørnsen Voster. Ingen hadde sett at Peder hadde hatt drengen Mikkel i huset, men om Mikkel "kunde Snige Sig til gaarde Naar Peder var iche hiemme, det kunde dj Iche Vide." Peder fekk trass i dette ei bot. Mikkel dukka også opp igjen, både i Strand og i tingboka. I 1661 er han kalla "knegt som tientte paa Voster", og han fekk bot fordi han hadde "sove" med kvinna si før bryllaupet. I 1664 budde soldaten Bjørn Rasmussen hos Peder. Ingeborg Klengsdotter hadde i november 1665 stemna Peder Voster fordi han hadde "besove" henne og ikkje ville halda løftet om ekteskap. Han hadde heller ikkje betalt henne løn og klede etter fem års teneste, eller betalt for oppfostring av barnet hennar, som han var far til. Nå viste det seg at Peder hadde gitt henne både varer og pengar, men Ingeborg ville ha meir. Og det ser ut som om Peder skulle gje henne 20 riksdalar i pengar og 20 riksdalars verd i varer til slutt. Peder Voster var stemna for retten i 1669 av syster si, som var enke i Voster, for halvparten av bygsla av Førland, som ho hadde rett på etter skiftebrevet etter foreldra. I 1675 var Peder Voster stemna for retten fordi han ikkje hadde skyssa då han skulle. Han møtte heller ikkje for retten, og måtte bøta ekstra for det. Andre mannen til Ingeleiv, Kristoffer Lydikson var gift første gong ikring 1670 med enka etter Mikkel Sæbjørnson på Voster, Marta Ingebretsdotter Voster. Marta var syster til Peder Ingebretson og Mikkel vart då svogeren til Peder. Når så Kristoffer Lydikson gifta seg med Marta Ingebretsdotter vart Kristoffer Lydikson og Ingeleiv Bjørnsdotter svoger og svigerinne, og måtte difor ha kongebrev då dei gifta seg. Ingeleiv døydde i 1704, og Kristoffer gifta seg for tredje gong i 1708 med Sissel Olsdotter.

bilde

punktmerke  Hendelser

• Han finnes i folketellingen i 1664 på Voster, Strand. Han sies å være 40 år gammel og er den ene av to brukere på Voster. Han er ikke oppført med sønner over 12 år.


bilde

Peder giftet seg med Malena Osmundsdatter, datter av Omund Eriksen Øye og Eli Knutsdatter, ca 1651 i Hjelmeland kirke. (Malena Osmundsdatter ble født ca 1625 på Øye, Randøy, Hjelmeland og døde ca 1662 på Voster, Strand.)


bilde

Peder giftet seg deretter med Ingeleiv Bjørnsdatter, datter av Bjørn Larsen Heggheim og Nn Pedersdatter, i 1665. (Ingeleiv Bjørnsdatter ble født ca 1640 på Heggheim, Strand og døde i 1704 på Voster, Strand.)


bilde

Hjem | Innholdsfortegnelse | Etternavn | Navneliste

Disse sidene ble laget 23 sep 2017 med Legacy 7.5 fra Millennia