Sevat Jelsa (Sjursen?)
(-etter 1563)
Sten S. Jelsa (Sevatsen?)
(-etter 1591)
Njell Stensen Jelsa
(ca 1550-ca 1614)

 

Familiekoblinger

Ektefeller/Barn:
Birgitta Olsdatter

Njell Stensen Jelsa

  • Født: ca 1550
  • Ekteskap: Birgitta Olsdatter
  • Død: ca 1614, Jelsa i Jelsa, Suldal i en alder av omkring 64 år

punktmerke   Et annet navn for Njell var Nils Stensen Jelsa.

bilde

punktmerke  

(Mer: Asgaut Steinnes, Ætt og Heim 1959 s. 28)

Kona til Njel Steinson heitte Birgita Olavsdotter. Namnet hennar er skrive "Birgitte, Beritte" o.l. Då Njel var død, vart ho buande på Jelsa til 1617. Etter odelsjordeboka frå 1617 åtte "Beritte Jelße" 2 pund 4½ merker smør og "Steen Jelße" 2 pund 4 merker smør i Jelsa. På tinget 26. november 1616 gjorde Stein Jelsa, etter di han var "eldste broder sønn", krav på å få bruka heile den "odals ahnpart" som Birgita "Birgitte" med barna sine åtte i garden saman med han. Det vart då avtala at ho no til rette faredag, det vil seie i 1617, skulle flytta til Foldøy, der Stein hadde leigt halve garden til henne. Den parten ho hadde i Jelsa, 2 pund smør, skulle ho bruka i 3 år attåt halve Foldøy. Når dei tre åra var lidne, skulle Stein bruka parten hennar mot lanskuld til henne og barna hennar (Tingbøker for Ryfylke side 26). Seinare finn me nokre år Birgita "Folderøenn" eller "Folderøe" i skattelistene, siste gong i 1622. Ikring den tida har ho vorte gift opp att med den gamle enkemannen Sevat Fora (i seglet S.B). (I Sjernarøyboka er det skrive at Birgitte Olsdotter, var mor til Torborg Sjovatsdotter, men dette er feil. Birgitte Olsdotter var først gift med Njel Steinson Jelsa. Njel Steinson levde i 1603. Birgitte gifta seg opp att med Sjovat Furre, far til Torborg Sjovatsdotter. Torborg var født ikring 1571. Torborg må då vera født medan Birgitte var gift med Nils Steinson, og Birgitte vart stemor til Torborg. Torborg Sjovatsdotter og sonen til Birgitta med Njel Steinson, Ola Njelson, vart då stesøsken. Ola Njelson gifta seg med Åsa Trulsdotter, dotter til Torborg Sjovatsdotter og vart då svigerson til stesyster si.)
I 1629 var Sevat Fora død. Truls Nilsson flytta då til Fora, som Torborg arva etter faren. Samstundes flytta enka etter Sevat til Skjelsnes, der me finn "Enchen, Olle Schielsnes" i ei skatteliste same hausten. At "Enchen" var Birgita Olavsdotter, går fram av Ryfylke tingbok for 26. september 1633. Stein Njelson på Ørland løyste då inn 1 pund smør i Odland i Røldal som mor hans, "Berete Schielsnes", hadde selt, og som Stein hadde odelsrett til. Den Olav ("Olle") Skjelsnes som vert nemnd saman med enka hausten 1629, lyt vere ein annan son til Birgita, oppkalla etter morfaren. I seglet hans, mellom anna i skattelister 1638 og 1654, står bokstavane O.N. og eit bumerke som er nærskuld med merket i seglet til Stein Jelsa.
Enka på Skjelsnes er nemnd i skattelistene til og med 1642, Olav så seint som i 1654. Frå ekteskapet med Njel hadde Birgitta m.a. sonen Ola, som seinare vart gift med Åsa Trulsdotter Skjelsnes, dotter åt halvsyster (skal vere stesyster) si. Dei hadde Skjelsnes.
Sevat og Birgitte hadde eit barn som ein veit om, dottera Torborg gift med Truls Nilsson. (Slik står det i boka for Sjernarøy, men dette er feil, Torborg var født ikring 1571, og då må Birgitte vera gift med Njel Steinson Jelsa, for dei får barn i 1598.) Njell og Birgitta kan ha hatt dottera Siri som var gift med Lars Litledalen i Etne og som i 1623 selde gods i Jelsa til Stein Siverson

(sjå også: Rogaland Historie- og ættesogelag 1959 side 29-30).

bilde

punktmerke  Hendelser

• Han bygslet hele gården på Tysseland, Sand, Suldal fra ca. 1575 til 1602. Han var nyrydningsmann der.

• Han hadde halve gården (gml.bnr 2) på Jelsa i Jelsa, Suldal fra 1603 til 1614.


bilde

Njell giftet seg med Birgitta Olsdatter. (Birgitta Olsdatter døde ca 1643 på Skjelsnes, Bjergøy, Finnøy (Sjernarøy).)


bilde

Hjem | Innholdsfortegnelse | Etternavn | Navneliste

Disse sidene ble laget 23 sep 2017 med Legacy 7.5 fra Millennia