pil
Sjur Sevatsen
Sevat Furre
(ca 1550-ca 1628)
Navn-ukjent
Torborg Sevatsdatter
(ca 1571-ca 1664)

 

Familiekoblinger

Ektefeller/Barn:
1. Truls Nilsen Furre

2. Hans Kristoffersen Furre

Torborg Sevatsdatter

  • Født: ca 1571, Furre, Bjergøy, Finnøy (Sjernarøy)
  • Ekteskap (1): Truls Nilsen Furre ca 1606
  • Ekteskap (2): Hans Kristoffersen Furre ca 1650
  • Død: ca 1664, Furre, Bjergøy, Finnøy (Sjernarøy) i en alder av omkring 93 år
bilde

punktmerke  

Torborg Sevatsdotter gifta seg opp att med Hans Kristofferson som var bror åt Børge Kristofferson i Aubø. Hans var ikring 35 år ved vigsla, Torborg Sevatsdotter ikring 80. Dei hadde sjølvsagt ikkje barn saman.
Av ein eller annan grunn kom Torborg på at ho ville gjeva Furre som gåve til Kongen. Den 17. juni 1651 sende ho gåvebrev på Furre til Frederik III. Brevet har det atterhaldet at ho som vederlag for gåva ville sitje skatte- og avgiftsfritt på Furre si levetid ut. Gåvebrevet er datert Furre 2. mai 1651. Som rimeleg var, protesterte barna hennar Torborg frå hennar første ekte mot dette gåvebrevet. Dei la ved protestskriv med gåvebrevet. Dei meinte at når mor deira hadde livsarvingar, hadde ho ingen rett til å gje bort arvegodset deira. Sevat, eldste sonen, ville nekta futen å føre gåvebrevet inn i tingboka. Gåva var til stor skade for han og søskena hans, sa han. Han meinte og at all den stund mora hadde livsarvingar, streid denne gåva mot norsk lov. Futen, Mikkel Nilsson Alantz på Nesheim meinte at han berre gjorde si plikt då han førte det inn i tingboka. Og ville Sevat og søskena hans prøve om gåvebrevet var lovleg eller ikkje, burde dei gå til retten med det. Hans Kristofferson og Torborg fekk året etter kongebrev, dagsett København 8. oktober 1662. Der heiter det at Hans og Torborg har Kongens løyve til å bu på og bruke garden Furre vederlagsfritt si levetid ut, som vederlag for gåva. Samstundes vart det og sett forbod mot alle freistnader på å hindre dei i det.
På lagtinget 14. september 1665 anka Sevat Trulsson på eigne og søsken sine vegner dette gåvebrevet. Det vart lagd fram i retten eit bønebrev til Kongen om å få garden attende. Dette bønebrevet, som og var underskrive av lensherren, er dagsett 3. august 1665. Josef Josefson Eik møtte med fullmakt for Hans Kristofferson. I innlegget frå Hans heiter det at han kjenner seg urett medfaren av stebarna sine i denne saka. Det har og ført til stort pengetap for han, noko han meiner at Sevat Trulsson bør stå ansvarleg for. Domen fall 25. oktober 1665. Den gjekk i Kongens og Hans Kristoffersons favør. Gåvebrevet vart ståande ved makt og Hans fekk som Kongens leiglending lov til å bruke garden si levetid ut.
Torborg døydde ikring 1664. Barna etter henne reiste saka på ny i 1674. Det førte nok ikkje til noko. Garden vart verande i Kongens eige og Hans Kristofferson heldt fram som leiglending der. (Bbok Sjernarøy).


bilde

Torborg giftet seg med Truls Nilsen Furre ca 1606. (Truls Nilsen Furre ble født ca 1580 og døde ca 1650 på Furre, Bjergøy, Finnøy (Sjernarøy).)


bilde

Torborg giftet seg deretter med Hans Kristoffersen Furre, sønn av Kristoffer Klausen Birkeland og Mette Børgesdatter, ca 1650. (Hans Kristoffersen Furre ble født ca 1615 på Birkeland, Feda, Vest-Agder og døde ca 1680 på Furre, Bjergøy, Finnøy (Sjernarøy).)


bilde

Hjem | Innholdsfortegnelse | Etternavn | Navneliste

Disse sidene ble laget 23 sep 2017 med Legacy 7.5 fra Millennia