pil
Kleng Løland
Tjerand Vormestrand
(ca 1525-)
Nn Gautesdatter
Omund Klengsen Bjerga
(1540/1550-ca 1614)
Nn Tjerandsdatter
(1540/1550-)
Johannes Omundsen Ropeid
(ca 1560-ca 1643)

 

Familiekoblinger

Ektefeller/Barn:
Gunhild Bårdsdatter

Johannes Omundsen Ropeid

  • Født: ca 1560, Bjerga indre, Sand, Suldal
  • Ekteskap: Gunhild Bårdsdatter
  • Død: ca 1643, Ropeid, Sand, Suldal i en alder av omkring 83 år
bilde

punktmerke  

Dei kom til Ropeid på 1590-talet frå Rørvikjå. Og i deira tid hadde Ropeid si første stordomstid. Dei var elles begge av storfolk. Gunilla var moster til den vyrde og velståande Stein Jelsa. Johannes sat lenge med odelsgods i Indre Bjerga, nemleg 18 merker smør. Sonen Søren overtok i si tid odelsgarden Indre Bjerga. Johannes vart noko nytta som lagrettemann.
Som segna fortel var det årleg skotteskip og handla tømmer og trelast på Ropeid. Me har tollrekneskap frå nokre tiår i første halvpart av 1600-talet som fortel at Johannes Ropeid var ein av dei i bygdene som leverte mest.
Den eldste registrerte leveransen er frå 1605-1606, då Johannes leverte 500 bandstakar til skipperen Giell Thagersen, av ukjent nasjonalitet. Tore Loverneset leverte samstundes 5 famnar brenneved. Dei neste kjende leveransane var i 1610-1611. Då selde Johannes Ropeid i alt 5.000 bandstakar (det vil seie vyrke av hassel som skulle brukast til band på tønner), 14 tylfter 9 alens forebjelkar og 2½ tylft og 100 12 alens bjelkar. Bandstakar og trelast vart levert både i Vindafjorden (Kvaløy) og i Sandsfjorden, nemleg i Horborsvikjå (Ås-sjøen). Dei som lasta var skipperar frå Bremen, Frisland, Skotland og Holland.
Johannes leverte årleg mykje trelast til dei utanlandske skipperane, og må ha hatt i arbeid både tenarar og husmenn på garden.
I 1610-1613 skatta Johannes Ropeid av Rørvik sag, men åtte truleg ikkje saga åleine. Det var nok ein sagpart han hadde med seg då han flytta frå Rørvikjå til Ropeid. I 1617 heiter det at Johannes Ropeid og grannen Ingemund Tysseland hadde fått leiga Rørvik sag mot viljen til eigaren, som var biskopen i Stavanger.
Johannes vert nemnd årleg frametter med leveransar til dei framande skipa. Forutan Kvaløy i Imsland og i Horborgsvikjå leverte han trelast i Drarvikjå, på Loverneset, på Sand, Åsarøynå, Eide og Honganvik.
Gunilla og Johannes hadde både vener og uvener, som folk flest. I 1611 måtte David Andersson Øye i Sauda bøta 3 dalar for å ha slege kona til Johannes Ropeid mot jorda. Klaus og Jens sagmeistrar, truleg på kvar si Tysselandssag, måtte bøta avdi dei hadde teke Gunilla hardt i forsvar, med 2 slag over kjeften kvar til David Øye. Desse slaga måtte dei bøta for, ½ dalar i lag.
Gamle Johannes Ropeid sa opp halve garden for sonen Navar i 1635, då han kjende seg "gammell och Schrøbeligh" og sonen var den nærmaste til å leiga å festa garden etter hans død, som det heitte. I 1649 sat enka Gunnilla Bårdsdotter med halve garden, men ikring 1650 fekk sonen Navar ta over resten av garden.


bilde

Johannes giftet seg med Gunhild Bårdsdatter, datter av Bård Ørland og Ukjent. (Gunhild Bårdsdatter ble født ca 1570 på Vanvik ytre, Sand, Suldal og døde etter 1650 på Ropeid, Sand, Suldal.)


bilde

Hjem | Innholdsfortegnelse | Etternavn | Navneliste

Disse sidene ble laget 23 sep 2017 med Legacy 7.5 fra Millennia