Kleng Løland
Ola Klengsen Løland
(ca 1545-ca 1622)

 

Familiekoblinger

Ektefeller/Barn:
Ingeborg Nn

Ola Klengsen Løland

  • Født: ca 1545, Løland, Sand, Suldal
  • Ekteskap: Ingeborg Nn
  • Død: ca 1622, Løland, Sand, Suldal i en alder av omkring 77 år
bilde

punktmerke  

Lensmann Ola Løland var på kongehyllinga i Oslo i 1591, saman med andre utsendingar. Dette er einaste gongen Ola vert nemnd som lensmann, og det heiter han var lensmann i Suldal skipreide. Ola var son til ein Kleng og han var kan hende gift første gong med ei Steinvor Tollaksdotter. Av barna til Ola kjenner ein sonen Kleng Løland og ei dotter Anna som gifta seg med ein enkemann i 1600.
Ola vert nemnd i 1591 til 1622. Ola må ha vore ein mykje ubehageleg og hard person. I 1660 måtte han stå til rette i Stavanger domkapittel, innklaga av Torger Knutson Fatland. Torger hadde fått løfte om å gifta seg med Ola si dotter Anna, men nå hadde det vore lyst frå preikestolen i kyrkja i Sand for henne og ein enkemann. Prestane i domkapitlet ville vita kva grunnen var til dette spelet. For Torger hadde i tillegg gått lenge og venta, meir enn fire år. Då ein person frå Suldal ein gong hadde vore og fridd til Anna, hadde han fått vita at Torger Fatland skulle ha henne. Ola Løland hadde elles for sin del eit ankemål mot Torger. Ein gong hadde han slåst med kona til Ola og skadd henne i ein finger etter eit "Mundhuggeri".
Domkapitlet vurderte det slik at Ola hadde gjeve Torger eit falskt håp og halde han oppe i lang tid med lause ord. Det går òg fram at han hadde truga dottera både med hogg og slag og forvendt "sin datters hu oc sind fra forne Torgir". Og ho hadde fått vita at om ho noko tid skulle kreva å gifta seg med Torger, ville faren drepa han for augo hennar "og føre skylden saa vel paa hende som sig selff, at hun ocsaa skulde vere skyldig j hans død". Me kan berre ane kva dette var for eit press på eit ungt menneske som truleg hadde Torger Fattland kjær. Det går fram at Ola hadde funne ut at Torger ikkje var rik nok på gods og gull. Torger meinte Ola Løland hadde hatt vel lang nok tid på seg å undersøkja det, "hoss andre gode folck, huor rig hand var".
Saka vart etter forhandlingar forlikt i domkapitlet. Ola skulle gje Torger 10 dalar og attpå 5 dalar til hospitalet i Stavanger. Torger hadde lidd "stor skade oc affbreck wdj sin hussholding, som icke letteligen kunde hannom betalis". Torger skulle på si side betale Ola si kone 2 dalar for skaden ho hadde fått.
Ein Ola Løland vart òg stemna for domkapitlet i 1595 av kona Stenvor Tollaksdotter. Ho stemna mannen av di han heldt ein tjuv i huset som stal frå andre og førte heim til dei. Han hadde dessutan trua henne med at om ho openberra heleriverksemda hans, ville han drepa henne. Ein gong hadde han slitt huda av henne i "Tjelmgaard", og han hadde slege ei bøtte vatn over henne. Ola Løland sa for sin del at det var fordi ho ikkje ville arbeide at han slo henne. Ho ville ikkje mjølka, ho ville heller ikkje bera ei bøtte vatn til huset og ho ville ikkje spinna. Domkapitlet forordna det slik at dei to skulle leva fråseparert i 3 år, men kunne dei forlikast innan tre år, "daa er det got". Dersom denne Ola Løland var frå Sand (det er ting som både talar for og mot dette), så hadde Ola i alle høve fått seg ny kone i 1600.
Ola Løland var leiglending under krona ikring 1600. Det var kongen som åtte garden slik det hadde vore gjennom generasjonar. Leiglendingen kunne ikkje gjera med skogen som han ville, og i 1605 måtte Ola Løland bøta heile 27 dalar for ulovleg skoghogst, og dessutan i tillegg 7½ dalar av 100 sagdelar (bord) av denne hogsten. Det var ikkje småpengar. Men Ola Løland var ein velstandsmann, og greidde nok bota. Me finn Ola Løland med store leveransar av trelast og trelastprodukt i åra 1605-1622, og han var medeigar i eine Bjerga-saga. Sonen Kleng opptrer i kjeldene med eigne leveransar alt frå 1611.
I 1617 hadde Ola Løland jordegods i Indre Bjerga og i Espeland i Sauda. I 1624 vert sonen Kleng Løland saman med mor og søsken i tillegg nemnde med gods i Mork og i ein gard Rød.


bilde

Ola giftet seg med Ingeborg Nn. (Ingeborg Nn døde etter 1628.)


bilde

Hjem | Innholdsfortegnelse | Etternavn | Navneliste

Disse sidene ble laget 23 sep 2017 med Legacy 7.5 fra Millennia