pil pil pil
Ragnvald Kønekeson
Bård Sigurdsen Torsnes
(ca 1370-ca 1446)
Gyrid Torbergsdatter
(ca 1380-etter 1455)
Nils Ragnvaldsen Torsnes
(ca 1416-ca 1497)
Herborg Bårdsdatter Torsnes
(ca 1412-før 1497)
biskop Gotskalk Nilsen
(ca 1459-1520)

 

Familiekoblinger

Ektefeller/Barn:
Ukjent

biskop Gotskalk Nilsen

  • Født: ca 1459, Torsnes, Jondal, Hordaland
  • Ekteskap: Ukjent
  • Død: 8 des 1520, Holar, Island i en alder av omkring 61 år
bilde

punktmerke  

Gottskalk Nilsson vart prest, og han arva Holar bispestol på Island etter farbror sin, Olav Ragnvaldson, bisp på Holar 1457-95. Om bisp Gottskalk får me høyra ikkje so lite i dei islandske Gottskalk-annalane. Han var ikkje populær og gjekk under namnet Gottskalk den grimme, avdi han var pengegrisk og samla seg stor rikdom.

Bispane på Island gifte seg, og Gottskalk hadde tre born. Dotteri Kristina vart i 1510 gift med lagmannen Torvald Einarson og dei heldt eit brullaup med 300 gjester; om den andre dotteri, Gudrun, heiter det berre at ho la seg ut med ein prest. Den merkelegaste mannen av heile ætti, er Odd Gottskalkson.

Han vart fødd ikring 1500, og 6 år gamal sende faren han til brørne sine i Noreg til oppfostring. Han lærde latin, tysk og dansk. I 1519 er han oppførd som skattytar på Torsnes (Ott po Tosnes). Han tok utanlandsferder til Danmark og Tyskland, og det gjekk han vel og han var vellika alle stader. Men han miste meir og meir lysten å bli prest, serleg etter at han hadde teke til å tvila på den katolske kyrkjelæra.

Då faren døydde i 1520, vende han heimatt til Island og busette seg på garden Reykir. Han tok til å setja om Nytestamentet og skrifter av Luther til islandsk. Det nye testamentet let han prenta i Roskilde i 1539, og det er fyrste boki som er prenta på norrønt mål. På tittelbladet skriv han seg "Odtt Norske".

Han er kalla Islands reformator, men heldt seg utanfor religionsstridane på sogeøyi, då dei til sist vart avgjorde med våpen. Han let seg utnemna til lagmann på Nord-Island og drukna på ei embetsferd då han skulde fara over Lakså i 1556.

Odd lagmann var lovvis og rettvis, og dertil hadde han ord for å vera synsk. Folket på Island heldt mykje av han.

Odd var gift og hadde ein son, Peter, som flytte bort frå Island. I ein artikkel ("Hardanger" 1946, s. 30) har eg freista å visa at han må vera identisk med segnfiguren Per Islendar som kring 1550 tok oppatt øydegarden Fresvik i Ullensvang. Segni segjer at han laut røma Island for drap, men hadde eigedomar der borte.

Kilder: Olav Kolltveit: Jondal i gamal og ny tid, 1953 (s. 55-57).
Berge Velde: Slektene Velde og Espeland og inngiftede slekter. 195


bilde

Gotskalk giftet seg med.


bilde

Hjem | Innholdsfortegnelse | Etternavn | Navneliste

Disse sidene ble laget 23 sep 2017 med Legacy 7.5 fra Millennia