Orm Fister (Nedre Fister)

 

Familiekoblinger

Ektefeller/Barn:
Ukjent

Orm Fister (Nedre Fister)

  • Ekteskap: Ukjent
bilde

punktmerke  

Skattelistene frå 1500-talet nemner brukarar på Fister. Det var då tre brukarar her. Desse bruka svara nok til det som seinare vart delt i tre ulike matrikkelgardar, med namn Midt-Fister, Nedre-Fister og Øvre Fister.
Ved tiandepengeskatten i 1521 er det sagt at alle budde på same gard, nemleg Øvre Fister: "Orm pa Øffre Fister, Orm ibidem og Marqvard ibidem". Det må vere Fister som er meint i staden for Øvre Fister.
Også i 1563 står det at alle tre brukarane Knut, Sjur og Nils, budde på Øvre Fister. Igjen må det vere heile Fister-garden som er meint.
Innføringa i sakefallslista frå 1519 er forvirrande. Då står det "Orm p Sigstad" og "Orm ibidem". Sidan det budde to brukarar på Fister som heitte Orm i 1521, reknar me med at Sigstad må vere synonymnt med Fister. Dette er einaste gongen me har støytt på dette namnet i kjeldene, og me veit ikkje noko meir om det. Det skal ha vore eit gamalt namn på Fister-garden. Teoretisk kan det tenkast at det var ein vikingtidsgard her som hadde dette namnet, og som gjekk inn i (ein av) Fister-gardane etter Svartedauden. Men dette er berre spekulasjonar.
Som me har sett skiljer ikkje skatte- og bøtelistene frå 1519, 1521 og 1563 klart mellom dei tre gardane på Fister. Leidangslista frå 1567 er nærare eit slikt skille. Der står "Øffuer Fiister", "Neder Fiister" og "Fiister". Først noko etter 1600 ser det ut til at dette skillet vert fast innarbeida.


bilde

Orm giftet seg med.


bilde

Hjem | Innholdsfortegnelse | Etternavn | Navneliste

Disse sidene ble laget 23 sep 2017 med Legacy 7.5 fra Millennia