Knut Bjørnsen Bjørheim
Knut Bjørnson fekk i 1603 ei lita bot av di han hadde drege Ole Vastveit i håret og dessutan slått han til blods på munnen. Knut Bjørheim skatta av eit jordegods på 4 laupar smør og 3 vett korn som sjølveigar frå 1603 til inn i 1660-åra. Skatten vart 2½ dalar. I ein lang periode skatta han av 8 laupar smø og 3 vett korn. Alt dette jordegodset var sjølvsagt ikkje i Øvre Bjørheim. I odelsjordeboka frå 1617 er det nemnt 1 vett korn i Lutsi i Høyland, 1 laup 2 pund 6 merker smør i Kleppa i Hjelmeland og 2 laupar smør ½ pund korn i Randa i Fister. Han var ein av 24 mann frå Årdal skipreide som i 1607 fekk bot av di dei ikkje hadde møtt fram for å sitja i retten på skipreidetinget. Han og kona Udbjørg Tormodsdotter hadde 2 tenestedrenger og 2 tenestejenter i 1645. Han er kalla "Gamle Knut" og sat med det største bruket i 1647. Knud var lagrettemann i åra 1616 til 1634. Han er kalla ein "høybedaget Mand" i ei sak om noko jordegods i Midt-Sedberg i Årdal i 1656. Han er siste gong nemnt i 1657. Stavanger domkapitels protokoll fortel at Knut Bjørheim var med og valde ny prest i Strand etter skriv av 3. november 1616. I juni i 1619 stemna han Alv Skiftun for odelsskifte på Randa. Det ser ut til at Knut budde på Randa då, og han og Alv hadde kvar sin halvpart av garden. Det var skifte etter han 14. mars 1659.
• Han hadde bruk nr 7 på Bjørheim øvre, Strand. Knut giftet seg med Udbjørg Tormodsdatter, datter av Tormod Olsen Foss og Anna Ormsdatter, ca 1580. (Udbjørg Tormodsdatter ble født ca 1555 på Foss, Jøsneset, Hjelmeland og døde etter 1601 på Bjørheim øvre, Strand.) |
Hjem | Innholdsfortegnelse | Etternavn | Navneliste
Disse sidene ble laget 23 sep 2017 med Legacy 7.5 fra Millennia